Lemenår og privat vassforsyning

Mattilsynets distriktskontor i Hallingdal har fått beskjed om store mengder lemen i store område av dalen. Normalt heldt dei til i fjellet, men nå er det sett mye dyr også i tettbygde område.

 (foto:miljostatus.no)   

I år med mye lemen kan vi få ein sjukdom som heiter lemenpest/harepest eller Tularemi også på menneske. I 2011 var det eit slikt toppår i Midt-Norge og det ble påvist Tularemi hos over 40 personer. Normalt er det ikkje påvist hos meir enn en person pr. år i Buskerud, men i år kan vi få fleire tilfelle.

Bakterien kan overførast til menneske ved direktekontakt med sjuke dyr, avføring frå disse og gjennom drikkevatn. Det kan også smitte via flått/myggstikk og via støv. Bakterien smitter normalt ikkje mellom menneske. Hausten er tida kor vi finn flest tilfelle hos menneske og da i år med mye smågnagarar.

I Norge blir sjukdommen av og til påvist på hare og den er spesielt følsam for denne infeksjonen. Sjukdommen opptrer oftast i sommarhalvåret, og førekomsten varierer mye frå år til år. Mange smågnagarar er også følsam for slik infeksjon, deriblant lemen.


Symptom

Sjukdomsbilete avheng av smittemåte. Generelt kan det seiast at symptoma er influensaliknande (høg feber, nedsett allmenntilstand og halsvondt. Ved smitte via drikkevatn er dei vanlegaste symptoma forstørra lymfeknutar på halsen, mens det ved direkte kontakt er mest vanleg å få betente sår på hendene. Det er antibiotika med god effekt mot sjukdommen, men ingen vaksine.
Personar som er usikre på om dei er smitta eller ikkje, bør kontakte fastlegen sin.


Unngå ukokt vatn frå bekkar

Tularemibakterien overlever både kjøletemperatur og frysing, men dør ved varmebehandling. Jegerar og turgåarar som drikk ukokt vatn bør difor unngå å drikke frå små bekkar. Vatn frå større elvar og innsjøar utgjer mindre risiko på grunn av stor fortynning. 


Private brønnar
Mange private brønnar i Hallingdal er ikkje sikra mot overflatevatn. Mattilsynet rår alle private som har eiga vasskjelde om å ta ein kikk på den no. Finn de daude smågangarar i kjelda bør vatnet kokast. Er de i tvil om kvaliteten på vatnet er det mogleg å ta ei vassprøve og få den analysert. Mattilsynet har noko informasjon om korleis vasskjelder kan sikrast mot forureining. Vasskjelde skal vera tette slik at ikkje smågnagar kjem inn.

Borebrønnar i fjell er ofte gode vasskjelde, men det kan vera sprekker i fjellet som førar overflatevatn raskt ned i brønnen. Ta difor ei prøve i haust, spesielt rett etter at det har regna mye.


Jakthundar
Jakthundar kan verte smitta, men til vanleg er hund resistente mot bakterien. Normalt vil ikkje hunden vera nokon smitterisiko for menneske.

Det vert særleg åtvara mot å handtere hare som er fanga av jakthund under los. Slike harar vil ofte vera svekka, og ein mogleg årsak kan vera harepest. Friske harar skal normalt ikkje kunne verte henta inn av jakthundar.


Kontaktinformasjon

Denne informasjonen er ment å gjera folk meir bevisst rundt spesielt private vassforsyningssystem. Det er ofte relativ enkle grep som skal til for å få sikrare vassforsyning.

Har du spørsmål ring DK Hallingdal, tlf. 22 40 00 00.
Amund Lien, førsteinspektør
Svein T. Furuhaug, distriktssjef

 

 
    Flå Sør-Aurdal
     
    Nesbyen Nord-Aurdal
    vaapen  Bilderesultater for etnedal kommune
    Gol  Etnedal
     

          
    Hemsedal  
       
     Ål  
    logo



          
    Hol